Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hornindal og Markane skyttarlag
I Nordfjord

Opningsstemne 15m Hornindal skyttarlag 2009

Bertel Oddne Mjellem frå Hyen vann opningsstemnet på den nye 15m banen i Hornindal med streke 246 poeng, som også er ny personleg rekord på 15 m. På dei neste plassane kom Torstein Tafjord, Sunnylven, med 244 poeng og Arve Halsteinslid med 242 poeng.

klasse V55 gjekk Svein Hoem, Stryn, til topps med 245 poeng. Klasse V65 vart vunne av Peder Holme, Hyen, med 247 poeng. I Klasse V73 vart det siger til Tor Zachariassen, Ålfoten, med 243 poeng

 

I dei yngre årsklassane  fekk vi første skyttar med 250 poeng på banen. Håkon Sætre frå Haugen viste at skyteforma er godt inne, og vann klasse eldre rekrutt med fullt hus. Magnus Helland Bøstrand, Volda,I klasse junior vann Rikke Rise Hallset frå Ålfoten med 244 poeng, føre Nikolai Åshamar, Nordbygda, med 239 poeng. I klasse rekrutt vart det siger til Torleif Straum jr, Hyen, med 241 poeng, eitt poeng føre Edvard Sve frå Stranda.

 

Det var stor deltaking, og god stemning mellom skyttarane på opningsstemnet. Det deltok heile 123 skyttarar på stemnet, og det kom mange lovord frå skyttarane om den nye banen.

 

For stemneleiar Idar Nygård og dugnadsgjengen som har lagt ned mange timar på skytebanen var det godt å høyre at skyttarane likte anlegget.  

Stemnet vart tilnærma prikkfritt gjennomført, og arrangøren kan vere godt nøgde med det første stemnet på eigen bane på over 20 år.

 

Resultat opningsstemne: 

Resultat

Premieoppgjer

18jan2009

Vinnar i klasse ER med 250p, Håkon Sætre

18jan2009

Stemnevinnar Bertel Oddne ilag med vinnar V65 og lagsleiar i Hyen skyttarlag, Peder Holme.

18jan2009

Frå opningsdagen, eit lag med ivrige rekruttar og vel så ivrige foreldre.

18jan2009

Full kontroll på sekretæriatet, Ingve Lødøen