Bertel Oddne Mjellem frå Hyen vann opningsstemnet på den nye 15 m banen i Hornindal med streke 246 poeng, som også er ny personleg rekord på 15 m. På dei neste plassane kom Torstein Tafjord, Sunnylven, med 244 poeng og Arve Halsteinslid med 242 poeng.
I dei yngre årsklassane fekk vi første skyttar med 250 poeng på banen. Håkon Sætre frå Haugen viste at skyteforma er godt inne, og vann klasse eldre rekrutt med fullt hus.
Det var stor deltaking og god stemning mellom skyttarane på opningstemnet. Med 123 skyttarar var stemnet mellom dei som har hatt størst deltaking på 15 m i Nordfjord siste åra, og det kom mange lovord frå skyttarane om den nye banen