Oppsummering og resultatlister frå Olsokstemnet finn du her.
Olsokstemnet er over for i år, med 177 deltakarar.
Vinnar vart Bjarne Hammersvik Muri, Oslo Østre, med sterke 395 poeng.
Reidun Kristin Knapstad, Florø, var best på Olsokskytinga, med 148 poeng, og fekk Olavsfiguren (Einar Øens minnepremie).
Engesetdal / Skodje var best i lagskytinga med 426 poeng, og fekk dermed napp i Olsokpokalen. Same poengsum hadde også Hovdebygda og Ørsta, men dei hadde tre færre innertiarar.
I aldersbestemte klassar var det også mykje god skyting, og to skyttarar oppnådde 350 poeng, begge i klasse V65.
Sjå vedlegg for resultatlister.