Tor Gaute Jøingsli frå Lom og Skjåk skyttarlag vann miniatyrstemnet som Hornindal og Markane skyttarlag arrangerte 21 – 24. november.
Vinnar Tor Gaute Gjøingsli fekk poengsummen 346 og var med det 2 poeng føre Monica Sæterøy, Langevåg. Christian Holstad Lilleng, Hildre og Brattvåg tok 3. plassen.
Stemnet tel med i Retura Cupen, og samla totalt 100 skyttarar. Arrangøren er godt nøgd både med antal deltakarar og gjennomføring av stemnet.