Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hornindal og Markane skyttarlag
I Nordfjord

Omtale i Fjordingen

Overlevering av det nye skyttaranlegget på Sindre skytebane. Frå venstre Snikkar Knut Sollid, Per Jarle Kristiansen, anleggssjef i Det frivillige skyttervesen, Thorold Aarøen i Haugen Maskin, Rasmus Flore og Idar Nygård i Hornindal og Markane Skyttarlag. Foto: Bengt Flaten.

Sindrebana har fått god omtale i Fjordingen: "Sindrebana vert eit topp moderne skyttaranlegg!"

– Skytebana på Sindre vert topp moderne og tidsriktig, og vil etter oppgraderinga oppfylle nye, strengare krav til støydemping.

Det seier Per Jarle Kristiansen, anleggsleiar i Det Frivillige Skyttervesen (DFS). Onsdag fekk han overrekt «nye Sindre skytebane» frå hovudentreprenør Haugen Maskin. DFS leverte anlegget vidare til Hornindal og Markane Skyttarlag som skal bruke tida framover vinteren og våren til å gjere anlegget heilt ferdig.

– Dei to nye standplasshusa er ei miljøpakke frå DFS. Bygga tilfredsstiller krav frå Miljødirektoratet og skal gje betydeleg støydemping både for hus i nærleiken og på sjølve skyteanlegget, seier Kristiansen.Han rosar skyttarlaget for omfattande oppgradering av heile anlegget, både sikkerheitsmessig og bruksmessig.

Idar Nygård som har koordinert mykje av arbeidet på Sindre seier det er lagt ned rundt 1.000 dugnadstimar så langt, i tillegg til innleigd arbeid. Han er godt nøgd med arbeidet og gir ros til alle aktørar.

– Vi har teke ein skikkeleg renovering av heile bana. 100-meteren er utdvida med fire skiver og 200-meteren med to skiver. Dei nye standplasshusa er indnelte med båsar med plass til to skyttarar i kvar, og med garasjeport framfor kvar bås. Skytekontrollør får ny plass i rom bak skyttatane, og får dermed endå betre oversikt, seier Nygård.

Skyttarlaget har og bygd nye og større jordvollar som skal fange kulene. Heile anlegget vil koste om lag fem millionar kroner. Av dette står DFS for 2,3 mill til standplassbygga.

– Vi satsar på å få anlegget klart til jegerskyting i mai og med offisiell opning under olsokstemnet i juli. Det står nok att rundt 500 dugnadstimar før vi er endeleg i mål, seier Idar Nygård.

Artikkelen i Fjordingen finn ein her.