Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hornindal og Markane skyttarlag
I Nordfjord

Aktivitetsdagar 13-14.juni

Standplass 100m

Hornindal og Markane skyttarlag har i fleire år jobba saman med Hornindal skule for å lære elevane trygg behandling av skytevåpen. Denne våren utvida vi samarbeidet med å lage ein aktivitetsdag. Siste veka før sommarferien hadde elvane ved Hornindal skule to litt annleis skuledagar. Dei var samla på Sindre skytebane i Markane for å lære om å ta ansvar, vere trygge på naudhjelp og handtere skytevåpen. Elevane var delt i to grupper, 5-7 trinn ein dag og 8-10 trinn ein dag. I løpet av dagen var dei inn om tre ulike postar.

Hornindal og Markane skyttarlag har i fleire år jobba saman med Hornindal skule for å lære elevane trygg behandling av skytevåpen. Denne våren utvida vi samarbeidet med å lage ein aktivitetsdag.

Siste veka før sommarferien hadde elvane ved Hornindal skule to litt annleis skuledagar. Dei var samla på Sindre skytebane i Markane for å lære om å ta ansvar, vere trygge på naudhjelp og handtere skytevåpen. Elevane var delt i to grupper, 5-7 trinn ein dag og 8-10 trinn ein dag. I løpet av dagen var dei inn om tre ulike postar.

Elevane fekk sjå korleis brannvesenet handterer ulukker, dei fekk sjå utstyr og fikk informasjon om brannbilen og prøve spyleutstyret i bilen. Dei fekk og lære kor viktig det er med livbergande førstehjelp og gjennomførte førstehjelpskurs med Røde Kors. På siste posten fekk elevane grunnleggjande våpeninstruksjon, skyte, jogge ei runde og skyte igjen.  Skyttarlaget vil at dei unge lærer om våpenbruk og tryggleik i tillegg kjenne på korleis det er å skyte med høg puls.

 

Midt under demonstrasjonane gjekk alarmen om ei trafikkulukke i nærleiken og brannvesenet måtte rykke ut. Alvoret kom brått og sette ein støkk i elevane.  Då brannmannskapet returnerte fortalde brannfolka om hendinga og dette gav elevane ei ny forståing for kva som var målet med denne dagen.  Brannsjefen formidla om at alle kan gjere ein skilnad om ein kan førstehjelp.

 

Etter den økta viste Røde Kors og brannvesenet samspelet om korleis etatane jobbar ilag når dei møtast ved ei ulukke. Brannvesenet synte kva ein kan møte i trafikken med eit bilvrak. Der var det plassert ei fastklemd dokke i førarsetet.  Røde Kors var førstemann på staden og viste korleis ein skaffa sjåføren frie luftvegar. Sidan sjåføren var fastklemd fekk elevane sjå korleis brannmannskapet jobba med stålsaks, klippar, slegge og kjettingar for å frigjere den skadde føraren.

Røde Kors repeterte ABC-reglane med elevane.  – A står for Air, luft. B står for breathing, pust. C står for cirkulation, sirkulasjon, det vil seie at hjartet pumpar blod med oksygen til alle cellane.  Vidare synte dei korleis ein legg den skadde i stabilt leie for å unngå kvelning etter at ein har sjekka pust og puls.

Ein lærerik dag var kommentarane til elevane i etterkant.

For å få til ein slik flott dag er det mange å takke:

DFS og Trygg Trafikk for busstransport, Grodås Cup for dekking av utgifter til førstehjelpskurs, Hornindal bygdekvinneleg for gode rundstykker, Spar Hornindal for deileg pastasalat, Tine for drikke og youghurt, Hornindal Brannvesen for lærerik demonstrasjon, Eid Røde Kors for instruksjon i førstehjelp og Hornindal og Markane skyttarlag for god og trygg skyteopplæring.