Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hornindal og Markane skyttarlag
I Nordfjord

Skyttarlagsinfo

Aktivitetskalender blei sist oppdatert 21.mai. Sjekk Aktuelt no - Terminlister for siste utgåve. Opne denne artikkel for meir info angåande sesongen.

Nytt låssystem:
Det er no installert nytt låssystem på både Ytrehorn miniatyr og Sindre skytebane i samsvar med årsmøtevedtak.
Dette medfører at gamle nøklar ikkje kan brukast lenger og desse skal leverast inn.
Dei som har faste oppgåver i laget, eller er aktive DFS-skyttarar kan få eigen nøkkel.
Det nye systemet er av type Trioving Cliq, elektro-mekaniske nøklar.
 
Ammunisjon:
For å tilfredstille løyve frå politi vedrørande oppbevaring, og våpenforskrift vedrørande salg er det gjort endringar på lagring og sal.
Det vil ikkje lenger vere muleg med sjølvplukk på ammunisjon. Rasmus Flore og Alf Muldsvor er ammunisjonsansvarlege. Rasmus har hovudansvar for Sindre og Alf for Ytrehorn.
Tidspunkt for sal av ammunisjon vil verte gjort kjendt av dei, men vil i hovudsak begrense seg til når der er organisert aktivitet på banene.
Ber derfor om at ein tenker litt langsiktig når ein fyrst handler slik at ein slepp å kome i manko.
Ved kjøp av ammunisjon lyt medlemskort med kvitteringstrykk og våpenkort visast. Medlemskort fordi medlemmer kriter ammo og får ettersendt faktura, våpenkort fordi det er krav med registrering av våpenkortnr i våpenforskrifta §41.
 
Treningstider DFS:
Øverst på kalender er det satt opp tidspunkt for DFS-skyting. Det er då dei som driv med DFS trening som har forrang.
Jeger med jaktvåpen kan trene viss der er ledig plass, men det vil ikkje verte signert for treningsskot.
 
Treningstider jeger:
Det er i år satt opp 8 treningar for trening med jaktvåpen. Det er 5 treningskveldar før sommaren og 3 etter. I tillegg kjem årets jeger/jaktlag.
Siste muligheit er i år lagt til ein laurdag.
Noter dykk tidspunkta.
Desse treningane vil det vere muleg å få godkjent treningsskot, og å skyte opp.
Oppmodar om at flest muleg tek prøva så tidleg som muleg.
Skyting mot eigen papp-figur kan gjerast utanom oppsatte tider, husk då å varsle grunneigar (sjå kalender).
 
 
NB! Husk medlemskort med kvittering. Vil bli etterspurt ved påmelding.
 
 
Med ynskje om ein god sesong.