Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hornindal og Markane skyttarlag
I Nordfjord

Bedriftscup 2015, 23feb

Oppdatert 22.feb. Viser til tidlegare mail ang. bedriftscup i miniatyrskyting. Vedlagd er invitasjon til bedriftscup i miniatyrskyting for 2015, og ei skisse som viser gjennomføringsplan. Vi oppmodar dykk å kunngjere dette på dykkar arbeidsplass og til andre som dykk trur kan vere aktuelle å stille lag. Arrangøren oppfordrar bedriftene til å betale påmeldingsavgifta, sjølv om det ikkje er store summen er det positivt for dei som vil delta. Håpar vi får dykkar påmelding i retur. Ev. spørsmål om arrangementet kan stillast til ein av oss i komiteen, så vil vi prøve å svare så godt vi kan. Alf, Ann Therese, Reidun, Geir Magne, Arild og Andreas.