Rundt 50 personar i alle aldre møtte opp då Hornindal og Markane skyttarlag inviterte til omvisning på den nye innandørs skytebanen på Ytrehorn.
19.jan.2009
Det var først omvisning på anlegget, deretter
- Informasjon om DFS v/ Jarle Tvinnereim
- Regelverk om våpenbruk og sikkerheit v/Andreas Solvik
- Informasjon om skytehallen v/Idar Nygård
- Gjennomgang av treningstider på bana
Dei frammøte fekk og prøveskyte anlegget, og det kom mange gode tilbakemeldingar på skytebanen
Med brus til dei minste og kaffi til dei litt større, samt litt å bite i gjekk skyttarpraten livleg rundt borda.