Alle kan delta, gutar og jenter. Gamle og unge frå ca 10år.
Hornindal og Markane skyttarlag arrangerer aktivitetskonkurranse på Sindre skytebane laurdag 13.juli frå kl 14:00 til 17:00.
Aktiviteten går ut på å gå, jogge eller springe (fritt valg) ca. 2km og skyte 2 gonger 6 skot på 100m eller 200m (fritt valg).
Det kan brukast private våpen og ammunisjon, men det er og høve til å låne våpen på skytebana.
Arrangøren gjev veiledning til dei som treng det.
Alle deltakarar får DFS sportsbriller/solbriller.
Kiosk: Vafler, kaffi og brus med meir.
Møt opp til uhøgtidleg og morosam dag på skytebana.
Kart