Sjølv om vi for tida har dårleg vér og det har regna snart to veker samanhengande, er arrangøren i rute med NM skifelt. Det minkar på snøen, men renn blir det så sant skodda held seg vekke! Startlsitene er trekte, du finn dei under eige menyval.
13.mars.2007 Dei store nedbørsmengdene har tæra hardt på snøen, og vi fryktar for at den eine rundløypa ikkje kan nyttast under renndagane. I såfall vert det er "kriseløype" som går langs sætrevegane, men det skal likevel vere rimleg gode og like forhold for løparane.
Det vert teke endeleg stilling til løypetrasé på fredag, og orientert grundig om dette på løparmøtet fredag kveld.