Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Resultat Hordastemnet 2018!

Les alt om Hordastemnet 2018 i Vangdalsåsen her!

Resultatservice Hordastemnet 2018 her:

Offisiell resultatliste Hordastemnet 2018

Live-resultat Hordastemnet 2018

Live-visning Hordastemnet 2018 

(Velg Hardanger Skyttarlag i menyen til venstre)

Oppropslister FINALE 100m

Oppropslister FINALE 200m

 

Hordastemnet 2018 i Vangdalsåsen er no over etter det me vil kalla eit vellukka arrangement! Tusen takk til alle som har bidrege til at dette vart ein stor suksess og tusen takk til alle som har delteke!

Me håpar de har hatt ei fin oppleving på Hardanger Skyttarlag sin nye bane i helga!

I klasse 3-5 gjekk Liv Sollesnes frå Jondal av med sigeren med 343 poeng og 7 sentrum! På andreplass med kun to sentrum mindre havna Håvard Sørheim frå Stord, og på tredjeplass med same poengsum og fire sentrum finn me Kjetil Skår – som også vart beste skyttar under 21 år!

I Klasse 2 stakk Svein Gunnar Bolstad frå Åsane/Hordvik av med sigeren etter 344 poeng! Andreplassen vart kapra av Aleksander Bråten med 343 poeng og tredjeplassen gjekk til Betina Fredheim med 341 poeng.

Klasse 1 vart vunnen av Camilla Djuvsland med gode 248 poeng, mens klassen for HK4 vart vunnen av Jon Terje Hauger med 237 poeng.

I klassen for veteran 55 vann Leiv Håkon Kaldestad frå Husnes med 346 poeng, to poeng før Henry Øye med 344. Tredjeplassen i denne klassen gjekk til Bjørn Morten Stokka, også han med 344 poeng.

Klasse V65 vart vunnen av Sverre Krutnes etter omskyting med Arne Berge, begge med 349 poeng og 7 sentrum. På tredjeplass havna Oddvar Drange frå Os.

I klasse V73 vann Nils Lothe – faktisk for 13. gang på Hordastevnet i veteranklassane – med 349 poeng og 9 sentrum. På andreplass kom Ivar Seim med same poengsum og 6 sentrum, mens tredjeplassen fekk Arnold Haugen med 349 og 5 sentrum.

Nybegynner Vaksen vart vunnen av Sølvi Løberg frå Strandvik med 244 poeng!

Klasse Rekrutt vart vunnet av Trond Kvestad frå Folgefonn med 345 poeng, andreplass til Amalie Eide Aase med 344 poeng, og tredjeplass til Daniel Myklebust Fjellstad – også han med 344 poeng.

Klasse Eldre Rekrutt vart vunnet av vossingen Gaute Sande Almeland som den einaste skyttaren i klassen med 350 poeng, eit poeng føre Isak Helland Måkestad og Even Øyjord Rødne på andre og tredjeplass!

I Juniorklassen var det ein skyttar med 350 poeng, nemleg Jakob Adrian Farestveit frå Vaksdal/Modalen! På andreplass finn me Morten Øyeflaten med 349 poeng og 9 sentrum, ein sentrum føre tredjeplassen til Erling jr Lien.

I Eldre Junior hadde me to skyttere på 344 poeng, og best av dei var Ole Martin Halvorsen med 5 sentrum, ein sentrum føre Guro Emilie Hiksdal Øglænd. Tredjeplassen gjekk til Amalie Evensen med 342 poeng!

Resultater lagskyting:

I ungdomsklassen vann Stord med 298 poeng! På laget var Tuva Eskeland (99), Lauritz Ø Bjelland (99) og Tobias Eskeland (100).

På andreplass og kun eit poeng bak finn me Hardanger med 297 poeng. På dette laget skaut Sander Eide Aase (98), Isak Helland Måkestad (100) og Morten Øyeflaten (99).

For vetaranane gjekk Bergen av med sigeren med 298 poeng. Her skaut Geir Inge Nedrebø (99), Arne Kjelby (100) og Magne Strømme (99).

I seniorklassen stakk Stord av med sigeren med poengsummen 292, her skaut Håvard Sørheim (98), Anders Walde Mikkelson (96) og Arne Engevik (98).

Resultater Samlagskyting:

Sunnhordland vart Hordameistrar i samlagskyting for veteraner i 2018 med poengsummen 399!
På laget skaut Håkon Leganger (100), Kirsten Vorland (100), Geir Mikkelson (99) og Leiv Håkon Kaldestad (100)

 

For ungdommane vann Hordaland sitt fyrstelag med 399 poeng!
På laget skaut Joakim Ullestad (99), Eirik Lussand (100), Markus Medaas (100) og Kristoffer Tvedt Skråmestø (100).

For senior vann Hardanger og Voss sitt andrelag med 386 poeng og på laget skaut Bjarne Sollesnes (98), Bjørnar Wikane (96), Magne Lysen (94) og Dag Skår (98)!

Me gratulerer alle Hordameistrane og ynskjer alle velkomen tilbake til Vangdalsåsen ved eit seinare høve!

 

Fleir bilder frå dagen og frå vinnarar i lagskyting finn de på facebooksida til Hardanger Skyttarlag.

  

Innbyding Hordastemnet bane 2018 her: 

Innbyding Hordastemnet 2018

Påmeldingsskjema Hordastemna 2018

 

Vedlagt ligg skytetider for Hordastemnet.

Skytetider 100m

Skytetider 200m

Skytetidene kan de og finna på MittDFS og Hardanger skl si FB-side og heimeside.  

 

 

Mvh

Hardanger skyttarlag