Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Folgefonn skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Pause i skytinga for ungar på tysdagane

Me tek ein pause i skytinga på tysdagar, og held fram utpå hausten ein gong. I mellomtida er det fleire stemne i nærleiken som me kan skyte.

5. og 6. juli er det Vestlandsstemne på Voss. Dette er eit stort stemne med både bane- og feltskyting.

11.-13. juli er det Haukelistemne (som er eit feltstemne) og banstemne i Røldal. Helga etter, 18.-20. juli, er det banestemne i Odda.

Vestlandsstemnet 5.-6. juli er eit stemne som ikkje aspirantar kan vere med på, medan aspirantar kan vere med på alle dei andre stemna.

Viss ein skal delta på stemne må ein melde seg på i førekant. Dei som vil skyte stemne no i sommar må difor ta kontakt med Steinar (tlf. 41143862) i god tid før stemnet, så melder han på.