Tor Harald Lund best i klasse 3-5 på Agastemnet 2015. Les meir for fleire resultat.
Tor Harald Lund, Søgne, vann kl. 3-5 på Agastemnet 2015 med 348 poeng, føre Einar Johansen, Time, og Mette Elisabeth Finnestad, Søgne, med 347 poeng. V55 blei vunne av Alf Høysæter, Tysse, med 348 poeng. I klasse 1 var Terje Ljostveit frå Sauda skyttarlag best med 244 poeng, og Stig Jarle Trefall, Norheimsund og Øystese, vann klasse 2 med 338 poeng. På 100 m hadde Markus Andreas Aadland, Tysse, det beste resultatet. Han vann klasse ER med 350 poeng (28*). I klasse R hadde Hannah Johansen, Time, det beste resultatet med 348 poeng. Junior-klassen blei vunne av Kjetil Skår, Tørvikbygd, med 348 poeng, rangert føre Jardar Aarekol, Klepp, på inntertiarar. Det var to deltakarar i klasse aspirant; Nina Marie B Simonsen frå Karmøy skytterlag, og Ellen Lynghammer frå Røldal skyttarlag. Arne Berge, Norheimsund og Øystese, var best i klasse V65 med 350 (24*), og Leif Tillung, Voss, i klasse V73 med 349 (22*).
Tor Harald Lund fekk sitt fyrste napp i Dag Midthuns pokal for beste resultat i kl. 3-5, og Markus Andreas Aadland sitt fyrste napp i pokalen for beste resultat på 100 m.
Det var 178 deltakarar på stemnet i år, noko me er svært nøgde med. Takk til alle som møtte!
Viss det er nokon som finn feil i resultatlistene eller pengepremielistene er det fint viss de kan ta kontakt på e-post folgefonn@skytterlag.no.
Resultat.
Premielister 100 m. Premielister 200 m.