Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Vest Agder skyttersamlag
Stiftet 1882

125 års Jubileum

Vest-Agder Skyttarsamlag 125 år. Historiesammendrag skrevet av Hans Olav Stangborli til samlagets 125 års Jubileum

I 1861 vedtok Stortinget å oppretta «Centralforeningen for Udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbruk». Det gjekk ikkje lang tid før dei fyrste skyttarlaga såg dagslys. Flekkefjord var tidleg ute og stifta lag same året og innan samlaget kom aktivitetane i gong. Det var nok ein rikmannssport å vera skyttar, mange av dei aktive var kjøpmenn og kontoristar, dei kondisjonerte kan me godt kalla dei.
Flekkefjord skyttarlag blei lagt ned i 1967 og overført til Flikka. Då var det vel kome nok blykuler i drikkevasskjelda til byen. I den lyse årstida blei det skote om sundagar og torsdagar og torsdagane starta øvingane klokka 6 om morgonen.
Laget hadde og ungdomsavdeling. Heilt fram til omlag 1910 hadde laget eit bogekorps for unge gutar. Det bar det klingande namnet Wilhelm Tell og fekk inspirasjonen frå dei vaksne skyttarane. Korpset hadde eit demokratisk valt styre styre med eigne lover og reglement og fekk heiderleg omtale i pressa som eit eksempel for andre. Det var øvingar to gonger i veka og av og til premieskyting der det blei skreve : «Ved hvilken Leilighed Smaapigerne ogsaa har vist sig opmerksomme ved at give sin Tribut til Opmuntring for Sagen.»
I 1880-åra blei skyttarrørsla politisert og ein forfatningsstrid kom til syne. Partiet Venstre frykta at Hæren skulle bli sett inn mot ei vaksande demokratisk rørsle. Militante krefter i Venstre ville «erobra» skyttarlaga og gjera dei om til ein parlamentshær. Dette mislukkast og det blei organisert ei folkevæpningssamling. Skyttarlaga i Vest-Agder slutta seg til dette og samlaget vart stifta i 1882.
I 1907 blei Agder Skyttarsamlag stifta og 16 av laga i Vest-Agder gjekk over dit. Men den politiske striden i 1880-åra var knapt merkbar ute i distrikta. Det er naturleg å sjå skyttaraktivitet i eit historisk perspektiv – her finn ein parallellar til utviklinga av samfunnet her i landet. I denne samanheng vil eg peika på nokre historiske trekk.
For 100 år sidan var Noreg saman med Irland dei to fattigaste landa i Europa. Heile 70 prosent av folk budde på landet medan 30 prosent budde i byane. I dag er me saman med Sveits dei to rikaste landa i Europa og prosenttala er snudd: 30 prosent på landet og 70 prosent i byane. Me hadde for 100 år sidan ei sterk nasjonalkjensle, språkrørsle og unionsoppløysing. Så kom1. verdskrigen med mange på nøytralitetsvakt.
Mellomkrigstida var prega av nedgongstider og lite å rutta med for dei fleste. Deretter fekk me 2. verdskrigen og 5 år med hard tysk okkupasjon. Etter krigen rådde optimismen og viljen til oppbygging og skyttarlagsarbeid. Heimevernet vart stifta. Men folk mangla det meste og ein opplevde tronge tider med rasjonering. På 50-talet starta flukten frå landsbygda, garder og grender blei avfolka og sentraliseringstanken vann terreng. Oljealderen starta omlag 1970. Rikdom strøymde til landet – til glede for mange men ikkje heilt utan problem.
Eit samlag er ikkje liv laga utan aktivitet i skyttarlaga. Nå vil eg ta ein liten spasertur gjennom årsmeldingane til samlaget slik at me får eit inntrykk av korleis tilhøva var o grove trekk. Sjølvsagt må dette vera ein viktig del av soga om bygdelivet rundt om.

1911
«Samlaget hev 22 skyttarlag. I aar hev Farsund teke til att, men Fjotlændingen hev meldt at det eringen 30-skots skyttar i laget. Bakke og Kvinesdal hev ingi melding sendt enno, men kannhendakjem dei seinare.Største laget er no Flekkefjord med 102 skyttarar».

1912
«Netland og Fjotlændingen skyttarlag hev livna att og eit nytt lag, Østheien sktl., hev kome til, so i aar hev samlaget 25 lag. Aarsmeldingane fraa Vanse og Østheien skyttarlag hev ikkje kome endaa. Vonleg fær me dei, um det berre vert som «paaheng». Største skyttarlag er Flekkefjord sktl. med 65 lemer. Etterpaa kjem Holme med 50 lemer, 4279 skot og 21 kragriflor. Av skyttarane hev Sig. Bakken, Flekkefjord største skottalet med 798 skot. Til lagi og private er tinga 28 Kragriflor».

1914
«Samlaget hev fenge aarsmelding fraa 24 lag. Dei lag som endaa ikkje hev sendt aarsmelding er: Bjelland, Hægebostad og Netland. Anten desse hev «somna av» eller teke seg eit kvileaar, veit samlaget ikkje, daa det inkje hev høyrt fraa deim. Flekkefjord sktl. er framleis største laget med 124 trettiskotsskyttarar. Kunde det so koma nokre «etternølarar» frå dei 3 lag som stend att, lyt ein vera nøgd med framgongi, daa fleire lag hev vore leidt stelde, avdi so mange av skyttarane hev havt umfram hertenest».

1915
«Sandsmark sktl. hev sagt fraa, aat laget ikkje hev vore i verksemd i aar. Fraa Netland og Flikka hev me ikkje høyrt noko – endaa. Samlaget hev i aar 675 tretti-skotsskyttarar mot i fjor 746. Denne attergongen har sikkert fleire grunnar, og me nemner nokre: Fleire av dei berande kreftor i laget hev havt umfram hertenest. Det var vant for lagi aa faa tak i loty (reducert ladning) til instruktionsskytingi og vert av denn grunn lite instruktionsskyting i aar. Skyttarstemna vert halde paa Lista. Kring 80 skyttarar ver med i tevlingi».

1919
«Sokendølen og Lauvdal hadde ikkje verksemd – dei vanta loty».

1922
«Eiken er kome med som nytt lag og Haukhom er komen att etter å ha kvild eit år. Flekkefjord og Fjotlændingen hev diverre ikkje vore i verksemd. Lyngdal, Sør-Audnedal og Tonstad hev ikkje endå sendt årsmelding. Kanhende kjem dei sidstnemde som attpåsleng».

1923
«Flekkefjord, Flikka og Netland som har kvild ei tid er komen att. Gyland hev ikkje sendt årsmelding».

1925
«20 lag har vore i verksemd. Eiken, Gyland og Sokendølen er gjenreist. To lag er sovna inn: Haukhom og Kvaas».

1926
«Sør-Audnedal og Tonstad er komen med etter ei kvild. Kvaas synte teikn til liv i vår men hev ikkje sendt årsmelding. Sokendølen skyttarlag gjekk dette året over til Rogaland samlag».

1927
«Farsund, Gyland og Netland sktl. hev ikkje sendt årsmelding. Tonstad hev meldt frå at laget er i live men hev ikkje skote i år men vil koma att til neste år».

1932
«Samlaget hev fenge årsmelding frå 18 lag. Kvås hev iår kome att med 10 og Haughom med 33 skyttarar. Eiken hev freiste å kome i drift att, men hadde berre 2 trettiskot-skyttarar og er difor slege saman med Grindheim. Tonstad hev teke seg eit kvileår. Samlaget sitt 50 års jubile vart halde i Holum».

1933
«Årsmelding er mottatt frå 16 lag. Som nytt lag er Grindølen komen med. Kvås hev ikkje vore i gong i år og Fjotlendingen som synte livsteikn i vår hev ingen skyttar med 30 skot. Haukhom hev enno ikkje sendt årsmelding. Truleg kjem ho seinare. Det er svært vanskeleg å driva skyttarlaga i desse tidene; men det gjeld å ta fatt so skyttartalet til komande år kann koma upp att i same talet som jubileumsåret 1932. Samlagsstemnet vart halde på Konsmo. 92 skyttarar var med i tevlinga».

1935
«Årsmelding mottatt frå 16 lag med 381 skyttarar og 32892 skot. Farsund hev kome att etter fleire års kvild med 11 skyttarar og gjev von om framgong til neste år. Flekkefjord og Fjotlendingen kom diverre ikkje isving; men dei lovar å koma mannsterke tilårs. Dei laga som ikkje byrja før utpå hausten var ille farne då det var uver kvar helg ei lang tid og uråd å ha øvingar. Skyttarlaga i Lyngdalen, Kvinesdal og Sirdalen hev vanskeleg å koma i fast gjenge att etter nedgongstidene, men til års lyt dei prøva um det kunde lukkast; det gjeld um å finna dei rette karane til å ta fatt. I austre luten av samlaget er laga jamtyver i god sving – fleire framifrå. Sume lag hev hatt terrengøving, og einskilde pokal- og konkurranseskyting».

1937
«Bakka er komen att etter mange års kvild med 28 skyttarar, likeeins Øvre Sirdal og Kvås. So det blæs friskare bør for skyttarsaka i vestre luten av samlaget no. Lyngdal, som kom med i fjor, har hatt vanskar med skytebanen og har derfor ingen 30- skotsskyttarar men lovar å koma att i 1938. Lista står best med 54 30-skotsskyttarar. Flest bokførte skot er Holum med 7748 skot».

1938
«Ekstraordinære statstilskott var positivt: Det har lettet adgangen for de mindre bemidlede til å bli med i skytterbevegelsen. Lista er det største laget med 57 skyttere». Og for dei som hadde råd til det: Abonnement på Norsk Skyttertidende kosta 2,50 kr for eit halvt år. Eg vågar ikkje rekna ut kva det ville tilsvara i dag med prisstigninga sidan den tid. Men billeg var det nok ikkje då.

1940
«I begynnelsen av året ble tallet på skytterlag øket fra 21 til 25 idet Farsund, Hægebostad, Knaben og Kvinesdal kom med. 9 lag har sendt årsmelding». Men så braut krigen ut og snudde opp-ned på det meste. Men samlaget var optimistisk: «Hvis skytterlagene kommer i virksomhet i 1941, skal samlagets stevner arrangeres av de lag som skulle hatt dem i 1940».

1941
«Det har i 1941 ingen aktiv virksomhet vært, og samlaget har derfor ingen årsmeldinger mottatt. Lagene har svart på henvendelser, og intet lag har meddelt at de akter å legge opp».

1942
«Intet lag har meldt om oppløsning. De gamle lagstyrer fungerer fremdeles og svarer på henvendelser fra samlaget. Intet lag har meldt om møter eller sammenkomster».

1943
«Om virksomheten i 1943 er – som rimelig kan være – lite å melde. Endel lag holder fremdeles interessen levende – det kan nevnes at Flekkefjord til våren akter å gå i gang med å bygge 300- meter-hold med 6 skiveplasser. Bakke, Flekkefjord, Holum, Lista og Mandal skytterlag har hatt banene beslaglagt av de tyske myndigheter».

1944
«Viser til årsmelding for 1943. Det er ingen forandringer».

1945
«Da krigen endelig sluttet sto skytterlagene ribbet for godtsom alt. Baner og skytterhus, ringeverk og telefoner var mer eller mindre ramponert, tildels heilt ødelagt. Bare enkelte hadde riflene sine i behold, ammunisjon og skiver var ikke å oppdrive. Men interessen for skyting og skyttersak var i behold, aldri hadde den vært sterkere. I flokk og følge kom de unge for å bli med. Nye lag ble stiftet. Skyttersakens menn ble møtt med forståelse og anerkjennelse fra alle kanter. Det lyktes utpå høstkanten å komme i gang. Gjennom samlaget ble det lånt geværer og tildelt ammunisjon – 1 gevær pr. 10 mann og 50 patroner til hver. Geværene ar riktignok tyske og egnet seg lite til presisjonsskyting, men begynt fikk vi da. Årsmelding er mottatt fra 39 skytterlag». Men nå var og oppgjerstimen komen. Dei av medlemma som hadde vore på gal side under krigen blei ekskluderte.

1948
«Årsmelding er mottatt fra 43 lag. Vik skytterlag, Eiken er stiftet og kommet igang. To lag til ermeldt stiftet, nemlig Åna-Sira og Kongevoll, men disse er ikke kommet i gang. Knaben og Tonstad har ikke sendt årsmelding. Lista har flest skudd pr. Medlem med 225. Sammenlignet med i fjor er det en tilbakegang i aktive skyttere med 313, men en oppgang i bokførte skudd med 98047. 343 geværer har vært i bruk, herav 172 utlånt an staten (Heimevernet). Tilbakegangen i skyttertallet kan ikke skrive seg fra sviktende interesse for skyttersaken i alminnelighet. Størst svikt har Bakke, Vanse og Sør-Audnedal. For bakkes vedkommede rapporteres om fraflytting av anleggsfolk. Tonstad og Eiken har store banevansker. Mange lag er i vansker med gevær etter at Heimevernet har fått de som var tildelt fra Hæren. Det kan beklages at samarbeidet mellom skytterlag og Heimevern i enkelte distrikt ikke har vært så godt som det burde og den frivillige rekruttering fra skytterlag til Heimevern har vært liten. Såvel skytterlagsledere som områdesjefer må gå inn for et intimt samarbeide som vil bli til beste for begge organisasjoner. Samlaget er i året tildelt 36 geværpiper, hvorav 21 danske. Samlagsstevnet ble holdt i Flekkefjord og 347 skyttere deltok. (Kor mange av desse kom i private bilar slik som nå?). Skytterlaget hadde lagt alt godt tilrette for stevnet men storm og regn la store hindringer i veien. Resultatene ble overveiende dårlige». Her er skyttarlaga i Vest-Agder Skyttarsamlag i 1948: Audna, Austad, Bakke, Bjelland, Bjørkevold, Breland, Brikland, Eiken, Farsund, Feda, Fjotlendingen, Flekkefjord, Flikka, Grindheim, Grindølen, Gyland, Halse, Heddeland, Haughom, Herad, Holum, Hægebostad, Konsmo, Kvinlog, Kvinesdal, Kvås, Kvåle, Laudal, Lista, Lyngdal, Mandal, Mjølner, Norheim, Spind, Spangereid, Trydalen, Vanse, Vik, Ytre Åseral, Øvre Eiken, Øvre Sirdal og Åseral.

1952
«Herad og Vik har ikkje sendt årsmelding og grunnga dette med utflytting frå bygdene. Men dei lova å koma tilbake».

1953
«Spangereid har ikkje late høyra frå seg». Dette året fekk Gunstein Penne 5-års dugleiksmerke.

1956
«Bakke har ikkje vore i drift siste året». Andreas Hjelleset blei småkonge.

1957
«Gyland har ikkje vore i drift seinste året».

1958
«Gyland er i drift att men Feda har lege nede seinste året».

1959
«Gyland og Brikland har ikkje sendt årsmelding».

1960
«Brikland har kome med att».

1961
«Brikland, Kvås og Spind har ikkje vore i gang men lova å koma att».

1965
«Øvre-Sirdal gjekk over til Rogaland samlag». Etter den tid har stoda vore rimeleg stabil på lagsfronten men utviklinga har gått med raske steg. Litt samanslåing av lag har vore naudsynt for å halda aktivitet i gong. Innandørs banar, nye våpen, data, elektroniske skiver og god kommunikasjon har ført utviklinga vidare. Så har også skyttarar i samlaget levert fine resultat med fleire NM-titlar. Heilt på tampen kan det vel høva med litt mimrestoff – og her kan det vel forteljast gode soger i hopetal.

Under eit større stemne i Flekkefjord streika dei som skulle anvisa. Det var ungdommar som fekk nokre kroner pr. skive på 300- meteren. Nå hadde det seg slik at skivene sto på ein holme i drikkevatnet til Flekkefjord, Raulivatnet, (det var før Statens Forureiningstilsyn kom «på banen») og anvisarane måtte ro i ein pråm for å koma dit. Då dei hadde lagt frå land, kravde dei lønnsauke. Dersom ikkje blei dei verande på vatnet resten av dagen. Etter diverse tingingar blei krava innfridde og skytinga kunne ta til.Ei soge til frå det same laget. Etter endt skyting oppdaga dei ei svær måke langt ute på vatnet. «Måkesuppe er det beste eg veit», sa ein av skyttarne. Dermed ble det gjort klar for ein rask omgang, det blei kommandert ild så vasspruten sto. Måka blei treft og to mann hoppa i pråmen og rodde det dei kunne. Han som skulle ha suppe sat bak i båten og plukka fjørene av fuglen og dei låg som ei lang stripe etter båten på veg innover.

I 1961 blei samlagsstemnet skipa til på denne banen. Det var tungt å koma opp til bane og skyttarhus slik at maten måtte fraktast med bil ein omveg og så måtte ein ro forsyninga over vatnet. Om det var den same pråmen som blei brukt, skal vera usagt. Men han var ikkje heilt tett så eit stykke utpå gjekk han under. Pølsegryter og bruskassar forsvann men dei som førte båten greidde seg. Kva skyttarane fekk å eta veit eg ikkje.
Det var skyttarstemne i ei av dei indre bygdene og av skyttarane leverte ein høg prestasjon, mykje meir enn ein kunne forventa. Og det som mange undra seg over var at slikt kunne la seg gjera utan bruk av «kunstege stimuli».

Det var ikkje uvanleg at einskilde lag dreiv oppsøkande verksemd i samband med blant anna storviltprøve. Kunne ikkje skyttarane møta på banen møtte skyttarlaget opp heime. Ein bonde i innlandet stilte gard og grunn til rådvelde og skiver blei rigga opp. Men det gjekk heller dårleg med skytinga. Etter ei stund tok skyttarane ein pause, rusla ned i kjellaren til bonden og vannausa gjekk flittig rundt og dei blei meir og meir pratsame og høgrøysta. Då dei kom ut att var dei kvasse og faste i blikket og skota sat der dei skulle.

Under eit feltstemne i Kvinesdal var det ein av skyttarane som fekk fullt hus på «smultringen». Han var vel ikkje den store favoritten og dei andre lurte på korleis han hadde stilt siktet. «Eg sikta midt på og så rista eg litt på børsa», var svaret. Under eit samlagsstemne i Holum skulle det skytast stang og felt tidleg om morgonen. Sjølvanvisarane sto utafor ein låve og då kulene slo inn i pansarstålet, fauk låvedøra opp. Ut sprang to av deltakarane med buksene i neven. Dei hadde overnatta i låven. Det sosiale har alltid vore ein viktig del innan skyttarsporten. Under eit samlagsstemne på Flikka brukte ein E-39 som danseplass med levande musikk og stor stemning. Langvegsfarande som såg at vegen nesten var stengd av folk, hoppa ut av bilen og svinga seg lystig i dansen.
Etter den gongen var det mange som såg fram til eit nytt samlagsstemne der. Mykje artig kan forteljast frå dei mange aktivitetane innan samlaget opp gjennom åra, kan henda det er på tide å skriva ned slikt før alt for mykje går i gløymeboka. Det som ikkje må i gløymeboka er dei mange fine monumenta som står att etter der det tidlegare var skytebanar. Her finn ein flotte skivevollar murt av gråstein, eit synleg prov på dugnadsånd, samhald og levande interesse. Desse må få stå som eit minne og ein viktig del av kultursoga.

Lukke til med vidare skyttarlagsarbeid.

Til slutt vil eg takka Svein Grønsund (Flikka skyttarlag og ei tid samlagsformann) for god hjelp og for å ha skaffa tilfang av stoff til denne artikkelen.