Ei helg, to banestevner, 1 feltstevne og mye morro kun for ungdom i Numedal
Også i år ble det som mange allerede veit fellestur til Ungdomsstevnet i Numedal. Turen var i regi av Vest-Agder Skyttersamlag og 14 ungdommer deltok!
I år reiste 14 ungdom og 9 vaksne oppover fredag ettermiddag. Seint på kvelden kom vi fram til campinghyttane i meir eller mindre samla flokk. Deretter vart det klart for kveldsmat i den største hytta.
Lørdagen var det baneskyting og feltskyting, samt felthurtig som sto for tur. Tradisjonen tru var det grillmat på lørdagskvelden og kortspilling. Sidan gjekk tida med til kortspilling og snakking.
Søndag var det opp tidlig for frokost og utvask av hyttene før det var klart for siste stevnet. Denne morgonene fekk nokon og einkvar merka at kalendaren visar at hausten er over oss, gradestokken viste 5 grader på veg til skytebanen og enkelte var så kalde på fingane at det kom både ein og to 9-arar. Det vart også skutt stang denne dagen.
På felthurtigbanen vart det vist stort hurtigheit og treffsikkarheit. Då ein kunne prøve så mange gonger ein ønska var det enkelte som ikkje gav seg før dei hadde nådd 5 forsøk. Her viste det seg fort at enkelte i sommar hadde trent på dette og figurane falt fort ned. Espen Stubstad og Jonas Sodeland Øksendal fekk 2. plass i sine klassar. Rekrutt og eldre rekrutt starta liggande med reim, mens junior som vanleg starta ståande. -Om ikkje Espen nesten hadde rulla over på ryggen i fallet hadde tida moglegens vore endå raskare.
I baneskytinga for eldre rekrutt nådde både Ida Marie Biktjørn og Alvilde Røiseland finalen, begge etter og ha skutt 250 p og 249 p på banestemna. Dette haldt ikkje i finale der det måtte 3 omskytinga til for å kåre ein vinnar. Også i feltløypa vart det skutt godt blant anna stilte Holum med reint jentelag. Dei oppnådde 90 treff og endte med dette på ein 3. plass. Heile helga var det også flotte forhold for skyting, også cal 22.
Tilbakemeldingane frå ungdommen var at det hadde vore ei morosam helg med mykje skyting. Sjølv om enkelte nok syns det vart ein lang køyretur og litt lite søvn. Denne turen er utan tvil blitt ein fin tradisjon i samlaget, og blir garantert gjenteken til neste år.
Må også takke for alle velvillige foreldre som stillar opp og er med på turen, utan dykk hadde det ikkje vore mogleg å fått dette til.
Her finner du alle resultatene fra Ungdomsstevnet 2013: http://ungdomsstevnet.no/default.aspx?MenuID=15605
-Der vil Dere i tillegg til resultatlister, også finne link til Ungdomsstevne på facebook som hvor det ligger hundrevis av bilder fra helgens arrangement :)
Siv Tone Rossevatn