Tradisjonen tro inviterte Vest-Agder Skyttersamlag sin ungdomsutvalg til 4 timers treningssamling i Laudal på vårparten. Fire av våre ungdommer deltok
Målgruppe :Rekrutter og juniorer på reim nivå. Første års seniorskyttere var også velkommne. Deltakarne stilte sjølv med våpen – utstyr og 100 skudd kvar.
Program: Samlagsinstruktør Bjørn Vidringstad var instruktør på skytebanen. I tillegg var det litt teori.
Som tidligere år var det igjen klart for ungdomssamling i Laudal. Samlinga fann stad i eit forferdeleg regnver og temperaturar som minna lite om at det var 15. mai.
På denne samlinga deltok det 18 skyttarar. Ekstra gøy er det at det stadig kjem med nye skyttarar på samlinga. Samlinga besto av praktisk skyting, litt teori, mat og sosialt samvere.
Tilbakemeldingane frå ungdommane var gode, dei var godt fornøyde med opplegge og ikkje minst maten, som seg hør og bør besto av pølse og vaffel. Elles var tilbakemeldingane også at det var gøy å skyte på 200 m og veldig gøy å prøve kneskyting. Dette lovar godt for framtida.
I teoridelen vart det lagt vekt på at det ikkje er poenga som avgjer om ein skal vere fornøyd eller ikkje, men om ein har gjennomført gode avtrekk og gjennomført det ein har planlagt. I tillegg til at skyting skal vere gøy og sosialt, -noe dei gav uttrykk for at samlinga hadde vore.
Siv Tone Rossevatn
Ungdomsleiar