Sunnmør Skyttarsamlag innbyr alle interesserte skyttarlag i å delta på ein alternativ
stemnegjennomføring nå når vi er inne i ei periode med forbod mot normal stemneaktivitet.
Foreløpig så gjeld forbodet ut november månad, men sjansen er stor for at forbodet vil bli forlenga. Derfor har Sunnmør Skyttarsamlag tatt initiativ til ein alternativ stemnegjennomføring fram til forbodet blir fjerna. Gjennomføringa går ut på at det er ein stemnearrangør som er ansvarleg for den komplette resultatlista og premielista mens sjølve skytinga blir gjennomført internt på heimebanene til skyttarlaga.
Dette skal gjennomførast som eit «vanleg ope stemne» med full standplassleiing og livevisning av skytinga. Resultatet blir rapportert pr. e-post til stemnearrangøren i ei PDF-fil. Resultat og premieoversikt blir lagt ut på resultat-sida på www.dfs.no av stemnearrangør.
Stemna er klassesettande.
Arrangørane for stemna i november blir:
Veke 47 – Engesetdal/Skodje skyttarlag
Veke 48 – Sunnylven skyttarlag
Ved spørsmål eller problem, ta kontakt med Ola Vangen.
Tlf.: 94435850
E-post: olavangen96@gmail.com
Med venleg helsing
Sunnmør Skyttarsamlag
Instruks for arrangering av stemna finne de her:
Stemneinstruks 15m Covid-19 perioden hausten 2020 - for deltakarar.pdf