Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Hardanger og Jondalsfelten 2020

Alt om, og resultat dobbelt feltstemne i Jondal her!...

DOBBELT FELTSTEMNE I JONDAL.

HARDANGERFELTEN vart av det fuktige slaget dette året (og). Regn heile dagen gjorde forholda utriveleg og utfordrande, både for arrangør og skyttarar. Heller ikkje skodda var heilt fråverande.
Om det var veret som gjorde at det var ein del fråfall, særleg på grovfelten, på ei frå før tynn førehandspåmelding, skal vere usagt. Men som medarrangør på ei dobbeltstemne ynskjer me oss sjølsagt fleire enn 77 deltakarar.

Så til litt resultat:
GROVFELTEN vart vunnen av vår eigen Oddvin Holst (bildet) med 30/19, knappast føre John Olav Ågotnes med 30/17.
På FINFELTEN slo eit nytt blad Aase til: Fyrsteårs rekrutten Vegard Eide Aase knalla inn 30/19 i fyrste forsøk og gjekk suverent til topps. Eit navn å merka seg!
Same viså i kl ER: Seiersvante Jonas Bjørke, som no har gått opp i ER, gjekk heilt til topps med 30/23, føre Celina Bråthun og Amalie Eide Aase, begge med 30/20
Og som om det ikkje var nok: Det vart heimeseier i kl J også med Isak Helland Måkestad, som stod igjen som vinnar med 30/20.
Tar ein og med at Arne Berge heller ikkje denne gongen gav frå seg poeng eller særleg med innertiarar, då han vann kl V65 med 30/28, kan Hardanger skl. seie seg godt fornøygd med utteljinga på årets stemne, reint resultatmessig.
Seiersrekka til Hardanger vart dog broten i kl V73, der toppa Morten Røssland frå Husnes med 30/28. Denne klassen var forøvrig den desidert største med 24 deltakarar.

JONDALSFELTEN: Her vant Arne Berge kl V65 med 30/27. Celina Bråthun vant kl ER med 30/17, føre Amalie Eide Aase 30/16 og Jonas Bjørke 29/15.
Chris vart nr 2 på grovfelten med 29/15.

Gratulera og stor applaus til vinnarane! 👏👏

Resultat Finfelt 

Resultat Grovfelt

(Resultat Jondalsfelten)