Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Samlagstemna bane 2020

Les om SM Bane 2020 her!...

Årets samlagsstemne på bane gjekk på Voss i dag, trass stengd veg og litt omkøyring vart det god utteljing for Hardanger-skyttarane som tok turen.

I Rekrutt sikra Madel Skår Måge seg ei ungdomsmedalje med 336 og tredjeplass.

I Eldre Rekrutt var Hardangerdominansen total Jonas Bjørke vart samlagsmeister og sikra seg NAMMO-medalje og diplom for sine 350 poeng. Endre Økland og Celina Utskot Bråthun fekk 345 og sikra seg høvesvis 2. og 3. plassen. Amalie Eide Aase tok fjerd...eplassen. Godt gjort å få alle våre inn på topp fire.

I Juniorklassen varta vårt einaste håp Isak Helland Måkestad opp med 348 og ny samlagsmeistertittel.

I Eldre Junior sikra Sander Eide Aase nok ei ungdomsmedalje med 323 og andre- (og siste-) plass.

I V65 fekk Arve E. Kolltveit og Arne Berge 2. og 3. plass med 349 poeng. Båe hadde 250 før omgangen.

Asbjørn Hestad sikra medalje med 349 og 2. plass i V73-klassen.

Reidar Nernes deltok i NV og fekk 232.

I klasse 2 vart det dobbeltsiger og to medaljar med heim til Hardanger. Ann-Kristin Strømme Bråten skaut 340 poeng og vann. Ingunn Uglehus skaut 338 og sikra seg ein vel fortent andreplass og medalje!

Henry Øye slo til med heile 349 poeng og vann V55 soleklart! Magne Lysen fekk ein god tredjeplass med 343.

I 3-5 vann ikkje uventa Liv Sollesnes frå Jondal, men dei to andre pallplassane gjekk til Hardanger. Trine Flotve skaut fantastiske 346 poeng og sikra ein knallsterk andreplass. Kjetil Skår hadde 342 på tredjeplass.

På lagskytingane gjekk det knirkefritt for Hardanger i år:

For ungdomane vann Hardanger 2, på laget skaut Celina (100), Endre (99) og Sander (95). Laget sikra seg napp i den nyopsette pokalen etter at Hardanger vann den førre i fjor. Hardanger 1 tok andreplassen berre eit poeng bak, på laget skaut Amalie (97), Jonas (99) og Isak (97).

For seniorane var det Hardanger 1 som vann, på laget skaut Chris (97), Kjetil (97) og Harald (96). Dei fekk gylt Medåsmedalje for prestasjonen. Hardanger 2 kom på andreplass, på laget skaut Joakim (97), Åsne (97) og Dag (95).

I lagskytinga for veteranar skaut både Henry og Arne 100 poeng for Hardanger 1 og med det vann dei. Hardanger 2 hamna litt etter grunna ein bom.

Hardanger vil takka Voss skyttarlag for eit flott arrangement på Bjørke i dag!