Mange gode prestasjonar vart det, sjølv om me ikkje har nokon med i mestermøte i Oslo fk torsdag.
Den som truleg imponerte aller mest var rekrutt skyttaren Mathias Eide, som skaut 344poeng og sette ny personleg rekord med heile 5 poeng - strålande prestasjon👏👏
Ellers heldt den nybakte samanlagtvinnaren av klasse V65 i Lerum Cup, Arne Berge, samme stødige nivået - 350 med 26 sentrum 👏👏
I V55 skaut Magne Lysen svært gode 347 poeng og i klasse 2 låg Ann-Kristin S Bråten lenge svært godt an i klasse 2. Med ein ikkje heilt perfekt omgang enda ho likevel på 340 poeng.
Stødig skyting leverte også Amalie Eide Aase i ER, ein niar på omgangen gjorde at ho enda på 349 poeng.
Blandt dei klasseførte bør den yngre garde legge seg i trening, iallefall så lenge dei vert slått av ein som har alderen til yngste veteran klassen😉
Etter skytinga vart det grilling og ei skikkelig trivelig stund for alle som tok seg tid til å vere med på dette👌👌
Fullstendige resultat 100m HEIME-LS