Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Samlagstemnet bane 2019

Årets samlagsstemne gjekk av stabelen i Jondal i dag. Hardangerskyttarane markerte seg på fleire måtar. Les meir her...!

Årets samlagsstemne gjekk av stabelen i Jondal i dag. Hardangerskyttarane markerte seg på fleire måtar.

Rekrutt:
Jonas Bjørke tok andreplassen og fekk ungdomsmedalje. Vegard Eide Aase var litt uheldig og fekk den sure fjerdeplassen.

Eldre Rekrutt:
Endre Økland vart samlagsmeister med 348 poeng. Han fekk NAMMO-medalje med diplom. Torkjel Bråten og Amalie Eide Aase hamna på 2. og 3. plass og fekk kvar si ungdomsmedalje. Marthe Eide var nest beste skyttar innleiande med 246 poeng, ho var dessverre litt uheldig med omgangen sin men det er likevel ei fin erfaring. Celina Utskot Bråthun hadde 239 innleiande, med tanke på at ho hadde ein tiar i feil skive er dette super skyting.

Junior:
Isak Helland Måkestad vart samlagsmeister med heile 350 poeng! Han vann medalje og diplom men fekk i tillegg Dag Midthun’s Krus. Joakim Øye kom på 2. plass med 248. Tobias Skår Måge, Sander Eide Aase og Anders Aalvik Stranden skaut og godt men nådde ikkje heilt opp denne gongen.

V55:
Jakob Eide kvalifiserte seg til finale og hamna på ein tredjeplass.

V65:
Arne Berge og Arve Kolltveit skaut begge 349, dette halde til 3. og 4. plass. Steinar Vik kvalifiserte seg og til finale.

V73:
Både Asbjørn Hestad og Oddvar Steine kvalifiserte seg for finale. Begge to hadde 248, i finalen skaut dei høvesvis 100 og 98 poeng og fekk heiderlege plasseringar.

Klasse 2:
Her kvalifiserte fem skyttarar seg til finale, alle fem frå Hardanger difor berre listar me dei opp:
1 Per Harald Røyrvik: 247 343 
2 Ove Røyrvik: 246 338 
3 Jostein Bråten: 244 336 
4 Ann-Kristin S. Bråten: 240 335 
5 Olav Ludvig Håbrekke: 238 332

Klasse 3-5:
Her var Harald Brekke best av våre, han fekk ein andreplass i meisterskapet med 343 poeng. Chris-Andrè Bolstad Fauske, Dag Skår og Kjetil Skår skaut og finale og gjorde ein god figur.

Lagskyting ungdom:
Hardanger 1 med Endre Økland, Amalie Eide Aase og Joakim Øye vann. Hardanger 2 kom på tredjeplass, på laget skaut Torkjel Bråten, Celina Utskot Bråthun og Isak Helland Måkestad

Lagskyting veteran:
Hardanger 1 med Arne Berge og Stig Jarle Trefall kom på andreplass. Hardanger 2 med Steinar Vik og Jakob Eide kom på tredjeplass.

Lagskyting senior:
Hardanger 1 med Dag Skår, Trine Flotve og Harald Brekke vann. Hardanger 2 med Andrea Kirkevold, Chris-Andrè Bolstad Fauske og Kjetil Skår kom på andreplass.

Hardanger Skyttarlag vil og takka Jondal Skyttarlag for eit flott arrangement og gratulera Bjarne Sollesnes med tittelen som samlagsmeister.