Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

KM Bane 2019

Oppsummering og resultat Krinsstemnet bane 2019 her! Dette var også LM bane for Hardanger skyttarlag! Les meir her...!

I går gjekk årets krinsstemne av stabelen. Hardanger-skyttarane forsynte seg grovt av medaljane og vann alt som var å vinne utanom klasse 1 og klasse V73. Krinstemna var og teljande som lagsmeisteskap, så i dag var det mange som vart både krinsmeister og lagsmeister. 72 deltok.

Rekrutt: Jonas Bjørke starta med 249, skaut 98 på omgangen og vann med heile 347 poeng. Andreplassen gjekk til Kristine Solheim Wikane. Hardanger hadde 5 deltakarar i klassen.

Eldre Rekrutt: Eirik Torvik vann klassen med 345 poeng. Håpar dette gav meirsmak til å delta på fleire stemner. Endre Økland tok andreplassen. Alle 5 deltakarane i klassen var frå Hardanger.

Junior: Joakim Øye hadde 249 innleiande og viste klasseskyting i finalen 100 (10) haldt i massevis til siger. Andreplassen gjekk til Anders Aalvik Stranden med 348, Anders skaut sitt tredje DFS stemne så 348 med to sure 9,9 er ekstrem skyting. Hardanger sine fire skyttarar tok dei fire fyrste plassane i denne klassen.

Eldre Junior: Sander Eide Aase einaste skyttar, skaut 313.

Nybegynnar Ung: To frå Hardanger og to frå Jondal deltok, dei skaut godt og fekk pokal. Rekruttering er viktig!

V55: Henry Øye vann med summen 345, heile 11 poeng føre nestemann. Hardanger hadde to deltakarar i klassen.

V65: Arne Berge viste nok ein gong at han er ein svært kapabel skyttar, 350 blanke og klar siger. Trygve Djuvsland frå Vareld på andreplass. Hardanger hadde 6 deltakarar i klassen.

V73: Torleif Storhaug frå Jondal tok sigeren. Jondal tok alle pallplassane i denne klassen. Fjerdeplass og lagsmeister i Hardanger Skyttarlag vart Trygve Torvik. Hardanger hadde 5 deltakarar i klassen.

Jeger: Tor Martin Sørensen deltok og vart både lags,- og krinsmeister med 239.

1: Klasse 1 vart vunnen av Camilla Djuvsland frå Vareld. Ho hadde 243. Lagsmeister vart Amund Lid med 238. Hardanger hadde 2 skyttarar i klassen.

2: Dei gamle er eldst, Olav Ludvig Håbrekke vann klasse 2 med summen 338. Andreplassen gjekk til Ove Røyrvik med 337 poeng. 5 frå Hardanger deltok.

3-5: Dag Skår leda med 246 innleiande og det såg lenge ut til at han skulle gjere det same som i fjor, å bli krinsmeister. Harald Brekke ville det derimot annleis, med sine 244 innleiande skaut han likegodt 100 (10) i finalen og når Dag berre makta 98 vart Harald årets meister. Dag fekk stjerne for andreplassen. Deltakartalet i seniorklassen må seiast å vere noko lavt men 11 av dei 14 som deltok var frå Hardanger.

Lagskyting: Hardanger 1 vann alle tre lagskytingane på laga skaut: Ungdom: Celina Utskot Bråthun (99), Endre Økland (99) og Isak Helland Måkestad (98) Veteran: Arne Berge (100) og Henry Øye (98) Senior: Chris-Andrè Bolstad Fauske (91), Trine Flotve (98) og Harald Brekke (99)

Stang: Både Harald Brekke og Chris-Andrè Bolstad Fauske låg likt med 9+11=20. Difor vart det omskyting om meistertittelen. I ytrekrinsen sin eigen «stangfinale» skaut både Harald og Chris 21 treff men Chris sine 9+12 rangerte han før Harald sine 11+10. Difor vart Chris stangmeister i år. 15 deltok, 14 frå Hardanger.

A. Tveiten’s pokal: Lut i pokalen går til den skyttaren som har best sum på grunnlag + stangskytinga. Ved poenglikheit er det rangering på beste stangresultat. I år var det jamt mellom to stykk som båe hadde lut i pokalen. Joakim Øye (100+19) og Harald Brekke (99+20) fekk 119 poeng. Harald gjekk difor sigrande ut med eit treff meir på stangen. Dette var tredje gongen Harald klarte dette. Han fekk difor pokalen til eige.

Hardanger Skyttarlag vil takke alle skyttarar og publikummarar for oppmøte og velkommen att ved eit seinare høve og ei takk til Vareld Skyttarlag som tok ansvar for gåvepremiane då dei sjølve ikkje kunne arrangere årets krinsstemne.

LIVE-RESULTAT HER