TILBAKE TIL KVARDAGEN..
Etter gode dagar i Evje, med flotte prestasjonar frå mange av skyttarane våre, er det no tilbake til kvardagen i Vangdalsåsen for dei fleste av oss. Banesesongen er på langt nær over, så treningane startar opp etter ferien TYSDAG i komande veke (veke 33), med skyting om Organisasjonsmedaljen allerede komande TORSDAG.
Laget skal ha følgjande interne arrangement framover:
Tors 15.aug - ORGANISASJONSMEDALJEN
Tys 20. aug - PODENS TRENINGSFAT r3
Tors 05. sep - DUGLEIKSMERKET
Laur 07.sep - LAGSMEISTERSKAP
Påmelding via MittDFS på alle desse skytingane.
Vel møtt til godt treningsarbeid og sesonginnspurt med m.a. finale i Frende Cup, der me håpar å setja Hardanger skl skikkeleg på kartet, både resultat- og arrangørmessig! :)