Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Lagsmeisterskap bane 2018

Resultat og omtale av lagsmeisterskapet for Hardanger Skyttarlag 2018 her...

LAGSMEISTERSKAP Hardanger Skyttarlag 2018!


Laurdag vart det arrangert lagsmeisterskap for alle klassar i Vangdalsåsen, etterfulgt av pizza og sosialt samvær!

Fullstendig resultatlister 100m

Fullstendige resultatlister 200m

Fyrste banesesongen for Hardanger skyttarlag vart formelt avslutta med Lagsmeisterskap i dag. Dette har vore ein sesong der me som lag har gjennomfør store og flotte stevner på «heimebane», og levert gode resultater andre stader i landet 🙂 På dagens Lagsmeisterskap deltok 47 skyttarar.

100 meter: *I klassen NU hadde me 4 deltakarar. I denne klassen ser me ikkje på poeng, men me kan trygt sei at det ser lovande ut for rekrutteringa til kommande innandørs-sesong! Ungdomsutvalet i skyttarlaget jobbar no for å få i gang ein skyteskule i haust, der me ynskjer flest mulig deltakarar. -Desse 4 skyttarane vil me nok sjå igjen der, saman med fleire 🙂

*I klassen for Rekrutt hadde me 5 deltakarar. Her var det Celina U. Bråthun som hadde dagen. Ho leda etter innleiande skyting med 247 poeng. Med 97 poeng i finalen enda ho på 344. Me gratulerer Celina med flott skyting!

*I klassen for Eldre rekrutt vart det Isak H. Måkestad som stod igjen øverst på pallen etter finaleskytinga. Sammen med Sander E. Aase hadde han 250 poeng etter innleiande skyting. I finalen fekk Isak 98 poeng, og enda dermed på 348 poeng. Gratulera med flott skyting!!

*I Juniorklassen stod kampen mellom Joakim Øye og Morten Øyeflaten. Begge hadde 248 etter innleiande skyting. I finalen vart det, som vanleg, svært spennande og svært jamt. Begge skaut 100 i finalen, og etter fintelling av innertreff gjekk pokalen til Joakim. Han enda på 8 innertreff, framfor Morten sine 7…😊 Gratulera med flott skyting.

*I klassen Eldre Junior vann Odin Håbrekke. Med 237 poeng på innleiande og 97 poeng på finalen, enda han på 334 poeng. Gratulera med flott skyting!

  *I klasse V65 var det Arne Berge som leverte det beste resultatet. Etter 248 poeng på innleiande skyting skaut han 99 poeng i finalen. Dette gav han grei avstand til neste mann, og han kan no titulere seg som lagsmeister i klassen! Me gratulerar Arne med flott skyting!

*I klassen V73 hadde me heile 8 deltakarar i dag. Etter jamn og god skyting frå samtlige  skyttarar, var det Johannes Skår Bakke som fekk skive 1 i finalen. Han hadde med seg heile 250 poeng og med 99 poeng i finalen holdt det til seier, 1 poeng bak Trygve Torvik som enda på 348 peoeng. Me gratulerer Johannes med flott skyting!

200 meter: *I klasse 1 var det Arve Aase som deltok. -Han har ei fortid som ungdommskyttar, og me gler oss til å sjå meir frå han i tida som kjem. På dagen Lagsmeisterskap enda han på 236 poeng. Me gratulerar!

* I klasse 2 gjekk seieren til Stig Aase. Han låg på skive 1 i finalen etter 243 poeng på innleiande skyting, og når kruttrøyken hadde lagt seg og treffa var gjennomgått, enda han på 339 poeng. -Dette var same poengsum som Ove Rørvik. Etter ein telling av innertreff vann Stig på 6 sentrumstreff framfor Ove med 5 innertreff. Me gratulerar med spennande skyting.

*I klasse 3-5 var det også jamne resultat. Chris A. Fauske leda etter innleiande skyting med 240 poeng og 15 innertreff. Samme poengsum hadde Magne Lysen, men dog med færre innertreff. I finalen skaut Magne 99 poeng, medan Chris enda på 97. Dette gav Magne Lysen seieren i klasse 3-5 med poengsummen 339. Me gratulerer Magne som Lagsmeister i kl 3-5 2018

Dette var slutten på utendørs-sesongen i Vangdalsåsen 2018, og me vil takka alle dei som har vore med å bidratt til at åpnings-sesongen for Hardanger skyttarlag og VÅS baneanlegg har blitt så vellukka!

Me kan sjå tilbake på ein flott sesong utandørs, på eit av landets flottaste baneanlegg. No står snart innandørs-sesongen for tur. Når me ser på den innsatsen som blir lagt ned i dugnadsarbeidet med å få miniatyr-hallen klar, er det berre å ta av seg hatten. I løpet av oktober håper med å vera i gong med innandørs skyting i VÅS. – også der på eit av landets flottaste anlegg.

Ha ein fin haust folkens 🙂 - me snakkast innandørs!!

Bilete av klassevinnarar under!

Me gratulerer dei alle!