I klasse 3-5 vart det Dag Skår som gjekk av med seieren. Med 246 poeng på innleiande skyting, og 100 poeng i finalen kan han no tittelera seg som krinsmeister 🙂
I klasse 2 vart det Åmund Kolltveit som fekk edelt metall. Han hadde 244 poeng etter innleiande skyting og fulgte på med 100 poeng i finalen!
I klasse V55 vart det sjølvaste krinsformannen som tok seieren. Her skaut Arve Kolltveit 242 poeng på innleiande skyting, og med 99 poeng i finalen vart det topp-plassering 🙂
I V65 gjekk seieren til Arne Berge! Han opna med 250 poeng og skaut, som så mange gonger før i år, 100 poeng i finalen. Med dette vart han einaste skyttar på stevnet med 350 poeng og seier i sin klasse 🙂
I klassen for Eldre rekrutt trakk Isak Helland Måkestad det lengste strået. Han hadde 249 poeng etter innleiande skyting og skaut 100 poeng i finalen. Dette ga han seier 🙂
I rekrutt-klassen gjekk seieren til Amalie Eide Aase. Ho opna med 248 poeng på innleiande skyting, og enda på 344 poeng etter finalen:-)
På dagens lagskyting blei det vidareføring av gårsdagens lagoppsett i stor grad. -dette viste seg å vera god strategi, og Hardanger fekk seier i både seniorklassen og veteranklassen.
Laga var som følgande:
Senior:
1. Dag Skår
2.Kjetil Skår
3. Harald Brekke
Dei enda på 296 poeng 🙂
Veteran:
1. Arne Berge
2. Henry Øye
Dei enda på 199 poeng 🙂
Tradisjonen tru, så inneholde også krinsmesterskapet Stang-skyting. Denne vart vunne av Harald Brekke med 24 treff.!!
-Han får dermed sitt andre napp i A. Tveiten sin pokal.
Me gratulerer skyttarane våre med flotte resultat!!
Det stilte til sammen 33!!! skyttarar frå Hardanger skyttarlag på årets krinsstevnet 🙂 🙂
Fantastisk flott!!
Fullstendige resultat HER.