Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Hardanger & Strandebarms-miniatyren 2023

OPPSUMMERING MINIATYRSTEVNENE HAUSTEN 2023!

OPPSUMMERING MINIATYRSTEVNER


Hardanger miniatyren og Strandebarm miniatyren vart dette året avvikla med litt mindre deltaking enn tidlegare år, hhv. 156 og 140 skyttarar gjennomførte stevna. Særleg blant dei aller yngste er det alt for få deltakarar, og kl 3 var også nokså tynn med kun 3 deltakarar.
Likevel vart det prestert mange svært gode resultat i dei fleste klassar. Det kan sjå ut til at Hardanger-skyttarane er kome godt i gong med treningsarbeidet, dei tok iallfall godt for seg på premielistene, med mange klassesigrar.


Av resultat ein legg særleg merke til, må nevnast:
Strandebarm:


Familieduell i kl 3-5, der Dag (Skår) endeleg fekk sett son Kjetil på plass resultatmessig, med flotte 347 og 346 toppa dei klassen. I same stevne skaut Arne Berge, som den einaste på begge stevner, 350 poeng. Og Linus Todnem Svardal er nok også godt fornøygd med 349 i juniorklassen.


Hardanger:
Som i Strb greidde "dei tilårskomne" å halda ungdomen bak seg i kl 3-5. Arild Røyseth gjekk heilt til topps med 346, føre Chris-Andre Fauske med 345. Magne Lysen skaut lenge strålande, men tidsnaud på omgangen resulterte i 349, likevel nok til topp kl V55. Iselin Eide Ure toppa juniorklassen med fine 346.


Det må og nevnast at stevna fekk to dobbeltvinnarar: Kristine Solheim Wikane og Arve E Kolltveit vant hhv. kl EJ og V65 både i Strandebarm og Vangdalsåsen.

Vandrepokalane fekk i år desse vinnarane:
Meisterskapspokalen: Liv Sollesnes (2. aksje)
Knepokalen: Henry Øye (1. aksje)
Liggpokalen: Arne Berge (1. aksje)

 

 

RESULTAT VANGDALSÅSEN

RESULTAT STRANDEBARM