Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Hardanger og Strandebarms - miniatyren

Her finn du resultata frå stemna hausten 2022!

 

Live-resultat Hardanger

Live-resultat Strandebarm

 

OPPSUMMERING DOBBELTSTEVNER


Strandebarm miniatyren og Hardanger miniatyren er over for denne gongen, og hhv. 155 og 171 skyttarar, som er ein fin auke frå i fjor, sytte for mange fine prestasjonar med sterke resultat.

STRANDEBARM


Sterkaste resultatet kom nok i kl 3-5, EJ der Liv Sollesnes gjekk til topps med 348. Like bak kom imidlertid 4. klassingen Jan Øyvind Svardal, som med 347 overraska både seg sjøl og andre med pallplassering.


I veteranklassane vart det som vanleg skote godt, der me særleg merka oss Svein Erik Halvorsen, som med 349 stakk avgårde med medaljen i kl V55.


I eit seint lag på laurdagen, snappa Jostein Haukås medaljen frå Toralf Tøsse. Begge stoppa på 350, men Jostein var uimotståeleg med sine 17* mot Toralf med 16*. Det må her nevnast at Toralf Tøsse litt tidlegare på kvelden hadde opna ballet med 350 også i Vangdalsåsen.


I kl V65 stoppa Bengt Næss på 349, og hadde såpass med inner at han kunne reisa heimatt til Hafslo som bestemann.

VANGDALSÅSEN


Også her var Liv Sollesnes blant dei som imponerte mest. Ho gjekk atter ein gong til topps i kl 3-5, EJ med 348, men denne gongen etter hard kamp med Anders Walde Mikkelson som også stoppa på 348. Liv hadde imidlertid 17*, mot Anders med 16*.


Med sine to vinnarresultat sørga Liv for at ikkje Meisterskapspokalen gjekk ut i år, ho fekk sin fyrste aksje. Ørjan Almeland Sjo, som fekk nest best samanlagtresultat, har nemleg to napp frå før.


I kl V55 gjekk Magne Lysen til topps med 348, dette gjorde at han fekk 2. aksje i knepokalen, og pokalen til eiga.


I V65 redda Berge Legland fyrsteplassen med knappast mulig margin, med 349 og 1* meir enn Leif Arthur Kvam.


Som vanleg fullt hus i kl V73, med som nevnt Toralf Tøsse på topp med 2* meir enn Magne Nordvik. Toralf fekk med sine to fulle hus - 700p - sitt fyrste napp i Liggpokalen.

Me skal og ta med at i kl 2 viste Bente Kvåle Skår at forma er prima, då ho på tysdagskvelden fekk opp eit solid resultat på 344, det stod seg heile stevnet ut, og medaljen var sikra.

Det vart også dobbeltvinnarar i fleire rekruttklassar. Ella Måkestad gjekk til topps i kl R på begge stevna med hhv. 340 i V.åsen og 342 i Str.barm.
Mathilde Nonås topp kl ER begge stevna med hhv. 346 i V.åsen og 347 i Str.barm.

Hardanger skyttarlag takkar skyttarane for frammøte og innsatsen.
Og takk til dei som hjepte til slik at arrangementa gjekk som smurt..

Resultat DFS;


Hardangerminiatyren

Strandebarmsminiatyren