Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Hardanger og Strandebarm-miniatyren 2021!

OPPSUMMERING HARDANGER-MINIATYREN OG STRANDEBARM-MINIATYREN.

OPPSUMMERING HARDANGER-MINIATYREN OG STRANDEBARM-MINIATYREN.
 
Så var atter to vellukka miniatyrstevner i havn, denne gongen med 155 deltakarar i Vangdalsåsen og 137 deltakarar i Strandebarm.
 
Mange til dels svært gode resultat, og ein legg vel særleg merke til Harald Brekke sine 348 i kl 3-5 i Strandebarm, tett følgd av Ørjan Almeland Sjo med 347. På same banen fekk og Magne Lysen knallsterke 349 i kl V55.
 
Ingen oppnådde fullt hus denne helga, heller ikkje veteranane som vanlegvis ikkje gjer frå seg poeng sånn utan vidare..
 
Men kanskje 350-grensa vert broten på Hordastevnet i februar, som er neste store stevne i Vangdalsåsen. 😀
 
 
 
 
 
VANDREPREMIAR PÅ MINIATYRSTEVNENE.
 
Det er sett opp 3 vandrepokalar, som går på samanlagtsum for Hardanger- og Strandebarm miniatyren.
 
Ørjan Almeland Sjo fekk i år sitt napp nr 2 i Meisterskapspokalen (kl EJ, 3-5). Denne må vinnast 3 gonger for å få til eiga.
 
Magne Lysen fekk sitt fyrste napp i Knepokalen (kl J, 2, V55), som må vinnast 2 gonger for å få til eiga.
 
Og det var på håret at ikkje Liggpokalen (kl R, ER, V65, V73) gjekk ut denne gongen, men Harald Grytaas vart rangert føre Magnar Molland, som har aksje frå før, på fleire innertiarar. Også denne pokalen må vinnast 2 gonger før den blir eigande.
 
 
Gratulera til vinnarane! 👏