Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

LapuaCup FINALE 2020!

Les alt om finalen 2020 8. feb her!

 RESULTAT LAPUA-FINALE

 

I dag gjekk Lapua-finalen av stabelen i Vangdalsåsen. Det var over 70 deltakarar som tok turen. Det var og mange imponerande resultat i fleire klassar:

Rekrutt:

Jonas Bjørke tok sigeren med god margin, som han har gjort så mange gongar før. På plassen bak kom Ronja Ditmarsen, ho skaut svært godt i finalen. Mathilde Nonås tok den siste pallplassen. Alle frå Hardanger. Alle i klassen synte god skyting, og framtida i samlaget ser lovande ut.

Eldre Rekrutt:

I finalen vart det aldri heilt spanande, og Amalie Eide Aase frå Hardanger vann med 353,6, som faktisk var den aller beste summen av alle. Sigve Haukenes tok andreplassen, dette er fyrte året Vareld har hatt eigen innebane, og det ser ut som at den er til stor glede for skyttarane frå det ytste laget i samlaget. Marthe Eide tok tredjeplassen, og ho skyt for Hardanger.

Junior:

Etter ein spennande finale var det Isak Måkestad frå arrangørlaget som tok gullet, Marius Klette, frå Voss tok sølv og Ida Kvestad tok bronsen heim til Folgefonn. Alle tre krinsane på pallen!

Eldre Junior:

Joakim Øye tok gullet i Eldre Junior, han tok og andreplassen i 3-5+EJ. Joakim er allereie kvalifisert for klasse 5 innandørs til hausten og synte i dag at han hevdar seg heilt blant dei beste. Lagkameraten Sander Eide Aase kom på andre og vossingen Karianne Johansen tok tredjeplassen.

Klasse 1:

Svein Olav Almeland tok gullet heim til Voss. Andreplassen gjekk til Fredrik Tveit frå Ullensvang og Jo-Bjørnar Håvik tok med seg siste medaljen over fjorden og heim til Jondal.

Klasse 2:

Brødrene Steine frå Voss duka opp til ein durabeleg duell på kne. Jostein drog det lengste strået og snappa gullet 0,4 poeng føre broren. Reidar Våge tok Vareld sin andre medalje for dagen med sin tredjeplass.

Klasse 3-5:

Etter ti skot ståande var hardangeskyttarane Harald Brekke, Joakim Øye og Chris-Andre Fauske likt. Det skal nemnast at Chris hadde eit skot mindre enn dei to andre på innleiande skyting, då Chris skaut fyrste skotet på grunnlaget sitt før det var kommandert "ILD". Han vart då trekt 9 poeng og havna på 239. Med ein god finale klarte han likevel å skyte seg oppover på listene, og med lik sum vart det omskyting.

Chris la press på dei to andre med ein god tiar i omskytinga, og til slutt skaut både Joakim og Harald ein niar. Joakim sin var rett nok beitre enn Harald sin, og pallen vart då beståande av Chris-Andre Fauske som vinnar med Joakim og Harald på plassane bak. 

Jon Olav Bjørke tok klassepremien i klasse 4 og Kristian Mjånes frå Voss skaut best i klasse 3.

Klasse V55:

Steinar Hårklau frå Voss tok medaljen heim etter ein god finale mot Henry Øye og Stig Jarle Trefall frå Hardanger.

Klasse V65:

Arne Berge tok medaljen etter kamp mot lagkamerat Arve Kolltveit.

Klasse V73:

Johannes Skår Bakke tok endeleg ein siger i Lapuacup etter å ha slått fjorårsvinnar John Blomli frå Granvin og Eilev Åsen frå Jondal.

Me gratulerar alle og håpar de har hatt ein flott dag i Åsen!

 

 

I morgon er det Samlagsstemne og me gler oss til fleire gode resultat på miniatyrbanen i Vangdalsåsen!