Eldre rekrutt:
Her vann Celina U. Bråthun med heile 348 poeng! Dette er ny personleg siger, som sikrar ho Nammo medalje og diplom!
Torkjel Bråten fekk 340 poeng. -dette holdt til ein fin 3. plass i klassen, og sikra han Ungdomsmedaljen.
Junior:
I denne klassen tok Hardanger «storeslem» denne helga.
Isak Helland Måkestad sikra seg det gjevaste trofeet med 346 poeng. -På plassane bak han enda Joakim Øye med 343 poeng og Tobias Skår Måge på 337. Dette sikra Isak Nammo medalje, medan Joakim og Tobias fekk seg Ungdomsmedalje.
Eldre Junior:
Sander Eide Aase var einaste deltakaren i denne klassen på stevnet. -han enda på 320 poeng, og mottar Nammo medaljen for denne prestasjonen.
Klasse 1:
Her vann Tormod Aarekol. Han tapte kun 1 poeng på sine 25 skudd, og enda dermed på 249 poeng!!
Klasse V55:
Henry Øye tok det edlaste metallet i denne klassen! Han enda på 346 poeng!
Klasse V65:
Her vann Arne Berge med poengsummen 348 poeng. Han var tett etterfulgt av Arve E. Kolltveit med 346 poeng på ein fin 2. plass!
Klasse V73:
Her fekk Johannes Skaar Bakke ein fin 2. plass med 345 poeng, og sølv medalje!
Klasse 3-5:
Etter fleire utfordringar med anvisninga på skive 4 i ståande posisjon på fredag, vart Andrea Kirkevold nødt til å avbryte skytinga si etter grunnlaget… Ho fekk seg ein pust i bakken, og fekk skyta heile mesterskapet opp igjen i påfølgande lag. -då på skive 1.
Ho gjennomførte med stor stil, og enda på 345 poeng!!
Kjetil Skår skaut også 345 poeng i samme laget, men måtte sjå seg slegen på innertreff med 2 stk. Han enda dermed på ein flott 2. plass!!!
Dermed kan me gratulera Andrea Kirkevold med tittelen Samlagsmeister!!!
Me vil få gratulera Samlagsmeister og klassevinnarane i dei ulike klassane spesielt og ellers samtlege skyttarar med flotte prestasjonar på årets Samlagstemna 15m!!
-Me vil også ynskja skyttarane lukka til med skytinga på LDKS kommande helg!!