Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hardanger skyttarlag
i Hardanger og Voss skyttarsamlag

Resultat krinsstemnet 15m 2019

Les alt om - og resultat frå krinsstemnet 2019 i Vangdalsåsen her!

Det er skyting både torsdagkveld og fredagskveld 5-6 des 2019!

LIVE-RESULTAT

KM 15M 2019:


For andre år på rad stod Hardanger Skyttarlag som arrangør av krinsstemna 15m. I år var det 82 deltakarar, mot 66 i fjor. Detta må seiast å vera særs bra, og i alle rekrutteringsklassane var det ei auke i talet på deltakarar. Skyttarar frå alle fire laga i krinsen deltok. Eit lite samandrag frå stemna:


Rekrutt:
I år som i fjor var det Jonas Bjørke som vann den yngste klassen. Jonas har hatt ein fenomenal sesong i år og vunne det meste som er å vinne. Heile 15 stykk deltok i klassen med representasjon frå alle fire laga. Dette syner at framtida til ytrekrinsen kan bli særs god.


Eldre Rekrutt:
Amalie Eide Aase drog endå ein siger heim til Hardanger. Med sine fantastiske 350 poeng vann ho med heile seks poeng. Amalie var og einaste skyttar som makta å skyta denne summen på årets krinsstemne. Dei seks fyrste plassane i klassen gjekk til Hardanger sine eldrerekruttar som har levert jamt godt heile 2019.


Junior:
Isak Helland Måkestad leverte gode 347 og vann juniorklassen.


Eldre Junior:
Joakim Øye gjorde hardangerdominansen komplett i rekrutteringsklassane med sine 331.


NV:
Reidar Nernes skaut i NV, han fekk 227. Håpar det gjev meirsmak 😊


Klasse 1:
Amund Lid drog sigeren i land i klasse 1 med sine 243 poeng.


Klasse 2:
Ann-Kristin Strømme Bråten sørgja for endå ein Hardanger-siger med sine 343 poeng, topp fem i klassen skyt for Hardanger.


Klasse 3-5:
Før siste lag såg det ut til at Chris-Andre Bolstad Fauske skulle dra sigeren heim til Hardanger med sine 343. Men då ein såg kven som var påmeld vart ein usikker på om det kom til å holde. Liv Sollesnes hadde nemleg skive 11 i det siste laget. Liv har den siste tida ikkje hatt mogelegheit til å delta på skyting, men snakk om comeback. Etter 247 på 25-skoten gjorde ho ingen feil og fylte med 100 poeng. Liv viste at dei gamle er eldst og vart årets krinsmeister, gratulera så mykje!


V55:
Stig Jarle Trefall vann med 345, ein god sum!


V65:
Arve Kolltveit vann klassen. Det såg lenge ut til at han skulle klara toppsummen, men med ein niar på omgangen var det gode 349.


V73:
Johannes Skår Bakke vann klassen med 347 poeng.