SPONSORTREFFET 2024.
Torsdagskvelden baud me sponsorane våre inn til fest, - dette har vorte ein årviss tradisjon, der me prøver å gje litegrann tilbake til støttespelarane i form av ei samkome med lett program, skytekonkurranse og god mat og drikke.
Etter at leiaren hadde fortalt litt om laget og lagets aktivitetar og prestasjonar dette året, var det tid for skyting for å kåra Kvam si beste skyttarbedrift. Dette er alltid spennande, og denne gongen fekk til og med ein rullestolbrukar prøva seg som ankermann på eit av laga
Det viste seg til slutt at det var damene frå Sparebanken Vest som kunne jubla for seier, og utpå kvelden motta diplom og premie.
Desse treffa har og vanlegvis litt fagleg innhald, i form av at ei av bedriftene (sponsorane) får presentera seg sjøl. Denne gongen var det Hardingsmolt AS ved dagleg leiar Frode Sandven som fortalde om ei ekspansiv bedrift i ein spennande bransje. Ei bedrift i nærmiljøet, som står framfor store utvidingar.
3-rettars middag (oksekjakar m tilbehør) frå Barmen AS slår aldri feil.
Det vart likevel ikkje så lite hakaslepp (kjakaslepp?) rundt bordseta då banksjefen May Turid Tømmervik ut på kvelden kvitterte for vinnarpremien ved å overrekkja ein gåvesjekk på kr 40.000 til skyttarlaget, - dette som påskjønning for godt arbeid og til ungdomsarbeidet vidare framover.
Fantastisk! Takk og atter takk..
Ein fortreffeleg kveld, - takk til dykk som deltok!