SPONSORTREFFET16. november må vel kunna kallast ein suksess. Les meir her!
SPONSORTREFFET
16. november må vel kunna kallast ein suksess.
Representantar frå 12 bedrifter var samla for å høyra litt om aktiviteten i skyttarlaget siste to åra og planar neste år, deretter ein uhøgtidleg skytekonkurranse mellom bedriftene, der Lid Jarnindustri AS til slutt toppa resultatlista.
Bjørn Øyri og Knut Endre Øyri frå GBS AS heldt og eit svært interessant innlegg, der dei fortalde om bedrifta si 25-årige historie frå 1996 fram til i dag.
Det heile vart til slutt toppa med 3-retters middag frå Barmen AS og premieutdeling etter skytekonkurransen.
Takk for oppmøtet, kjekt å koma saman og bli meir kjent med kvarandre..
Håpar me har dykk "med på laget" til neste år òg..!
Vinnarlaget:
Resultat: