Hardanger skyttarlag vart under opningsfesten i går tildelt Kvam herad sin kulturpris for 2018. Les meir her...
KULTURPRISEN 2018.
Hardanger skyttarlag vart under opningsfesten i går tildelt Kvam herad sin kulturpris for 2018. Ordføraren som delte ut prisen, la i sin tale vekt på den store dugnadsinnsatsen som laget har ytt, ca 16.000 dugnadstimar, under byggjinga av det flotte skyteanlegget i Vangdalsåsen, og korleis laget på ein ryddig og god måte har gjennomført heile prosjektet. Han framheva også at bygget, med sine fasilitetar, ikkje berre er ein skytebane, men eit kulturbygg i ordets rette forstand..
Me er audmjuke og takkar og bukkar..! :)