Les meir her...
SOLID GÅVE FRÅ SPAREBANKEN VEST.
Godord og gåver sat laust under opningsfesten i Vangdalsåsen på laurdagskvelden. Men det var nok Lars Audun Torvik frå Sparebanken Vest som toppa det heile då han i sin helsingstale kunne overekkja ein gåvesjekk på heile 100.000 kroner til skyttarlaget.
Dette som ei takk til laget for godt og tillitsfullt samarbeid under utbyggjingsperioden, og ei anerkjenning av den skaparkrafta som skyttarane har vist i Vangdalsåsen.
Me tek av oss hatten og seier: TAKK!