Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Hadding skytterlag
Ål i Hallingdal

14. mars 2016

Styremøte 14.03.16


Tilstades: Torunn, Embrik, Per, Terje, Kai Rune og Ann-Kristin


1. Høring om innspel til klasseendringar. Torunn har sendt innspelet styret kom med til Bjørn Lieng på mail:
Hadding sitt innspel om klasseendringar.

• Positive til ”Skytterklasse” fordi det kan skape flott rekruttering av foreldre, liten kostnad fordi dei kan låne lagsvåpen.
• Negative til ”Eldre junior” fordi det blir for liten klasse, og midt i mellom kl 2 og ”Skytterklasse”
• Syns at 10 åringar kan få lov til å skyte i kl R om dei vil (10-13 år), i forhold til deltaking på LS.
• Negative til deling av kl 2, fordi det blir respektlaust å sleppe 4-5 klassingar på betablokkar (medisinar) ned på nivået til 2 klassingar. Til slutt blir det for små klassar.

2. Ann-Kristin har fått fylt ut forslag til sponsoravtale. Sender rundt reinskriven utkast till resten av styret.
3. Ann-Kristin samla inn personnummeret til alle i styret slik at ho får oppdatert Brønnøysundregisteret. Der stod Knut Olav som formann bla.
4. Marie tek ansvar på kjøkkenet under Hallingstevnet, handle inn bla.
5. Kai Rune tek kontakt med Rune Mølster om samankopling av alarmkontakt til sikringsskap. Mulig å få til tjuveri- og brannalarm saman? Kai Rune tek også ansvar med å ordne opp i koder på alarm, dør og nøkkelskap. Sende ut tekstmelding til styret om kodene.
6. Innføring av mCash før Hallingstevnet