Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Lom og Skjåk skytterlag
I Gudbrandsdal skyttersamlag

JEGERTRENING                 REVIDERT OPPLEGG GRUNNA   KORONA

JEGERTRENING, REVIDERT OPPLEGG GRUNNA KORONA Miljødirektoratet har bestemt at alle storviltjegerar skal ha godkjent skyteprøve. Dette betyr: 1. Nye jegerar og jegerar som ikkje avla storviltprøva i fjor, må ta ny prøve i år. 2. Godkjent storviltprøve 2019 gjeld også for jaktåret 2020. Godkjenninga blir automatisk overført til det digitale jegeravgiftskortet for dei som har levert fangstrapporteringa for fjoråret og betalt jegeravgift for 2020. TRENINGSTIDER Nordberg skytebane Skjåk. Tysdager kl. 18-20. 26. Mai, 2-9-16-23 og 30. Juni, 4. August. Steinøyom Skytebane Bøverdalen Onsdager kl. 18-20. 20 og 27. Mai. 3, 10 og 17. Juni, 5. August. Laurdager kl. 10-12. 23. Mai. 8. August. GJENNOMFØRING 1. Påmelding/skotsalg skjer ute, ved påmeldingsluka – i minst 1 m avstand. 2. Kontantar skal ikkje brukast. Betaling/skotsalg skjer til Lom og Skjåk Skyttarlag til konto 2085 21 07201 eller VIPPS 593382. 3. Oppskyting utanom oppsatte dager kostar kr 300,- ekstra. Skyting 1. Alle bruker berre sitt eige våpen og utstyr elles. 2. Det skal minimum vera 1 m avstand ved oppmøte, venting, under og etter skyting. Dette betyr bl.a. at vi nyttar annakvar skive. Alle som skal skyte, ventar i god avstand ute til dei blir ropt opp. Alle tillempingane fører til seinare avvikling. For å sikre mest mogleg like vilkår for alle, vil det vera tillatt med maks. 20 treningsskot før ein må melde seg til ny omgang i påmeldingsluka. 3. Alle skal ha med sitt eige underlag å liggje/sitja på. Underlaget skal vera i full kroppslengde 4. Alle våpen skal enten ha kammerflagg (kan kjøpast for kr 30,-) eller vera løyst frå sluttstykke ved transport til og frå standplass og under visitering. Visitering skjer utan berøring av geværet. 5. Kvar enkelt har ansvar for å sikre best mogleg hygiene. Hender skal spritast grundig før og etter besøk på standplass. Utstyr er tilgjengeleg ved døra. Unngå i størst mogleg grad å ta på dørhandtak o.a. Skjermane skal ikkje berørast. 6. Personar som er smitta av koronaviruset, sit i karantene eller som har symptom på luftvegsinfeksjon, som feber, sår hals, rennande nese, hoste eller nedsett allmenntilstand, skal ikkje delta på jegertrening. 7. Vi oppfordrar alle til å trene mest mogleg også i år. Vel møtt til trening og storviltprøver! NB! Kvittering for betalt medlemskap må fremvises.